Opna hovudmenyen

Ole Detlevsen

norsk bygningsmann

Ole Detlevsen eller Ole Ditlevsen Dybdahl (8. februar 178619. desember 1836) var ein norsk byggmeister frå Røros. Han var far til Knud Olsen.

Ole Detlevsen
Fødd 8. februar 1786
Røros
Død

19. desember 1836

Ole Detlevsen var byggmeister på Røros, og i si tid overjeger og kommandersersjant i Røros bergkorps. I den posisjonen vart han vald til å vere bergkorpset sin andre representant i RiksforsamlingaEidsvoll i 1814, jamsides kaptein Richard Floer. Av ukjende grunnar møtte han ikkje.

I boka De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus går det fram at både Richard Floer og Detlevsen møtte på Eidsvoll. Dei skal ha vore blant dei siste som vart ropt opp på oppmøtedagen 10. april. Fullmaktskomitéen hadde ikkje rekna med at to menn skulle møte frå ei så lita militæravdeling som Røros bergkorps og Detlevsen måtte reise heim att til Røros.[1]

KjelderEndra

  1. Svein Henrik Pedersen (2014). «Richard Floer og Kjerkgata 42 på Røros». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 439. ISBN 978-82-02-44564-5.