Ole Guldal
Ole Jensson Guldal (29. april 1852–15. juli 1922) var ein norsk lærar og politikar frå Røros i Sør-Trøndelag. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i perioden 1910-12.
Ole Guldal | |||
Fødd | 29. april 1852 | ||
---|---|---|---|
Død | 15. juli 1922 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Barn | Ingebjørg Øisang | ||
Alle verv |
|
Guldal var son til ein arbeidar på Røros-verket. Sjølv vart han seminarist frå Klæbu i 1871. Fram til 1883 var han lærar i landsokna i Røros herad, sidan tilsett ved folkeskulen på sjølve Røros. Frå 1909 var han styrar av skulen.
Guldal var medlem i heradsstyret i Røros frå 1897. I 1905 vart han vald til varaordførar i heradet. Han hadde elles fleire andre offentlege verv, og var forlikskommissær frå 1905. Hausten 1909 vart han vald til å representere einmannskrinsen Gauldal på Stortinget. Treårsbolken 1910-12 var han medlem i Lagtinget og i Gasje- og pensjonskomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914