Ole H. Bremnes
norsk diktar
Ole Hagbart Bremnes (11. november 1930–9. mars 2018)[1] var ein norsk skolemann og diktar, fødd på Bremnes i Kvæfjord og busett i Svolvær. Han var utdanna lærar, og arbeidde i over 40 år ved Svolvær barne- og ungdomsskole, der han var rektor i åra 1963-2000.
Ole H. Bremnes | |||
Fødd | 11. november 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kvæfjord kommune | ||
Død | 9. mars 2018 (87 år) | ||
Fødenamn | Ole Hagbart Bremnes | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | lyrikar | ||
Born | Lars Bremnes, Kari Bremnes, Ola Bremnes | ||
Prisar | Årets verk |
Blant utgjevingane av dikta hans er Ord fra en fjord (1992), der barna hans, Kari, Ola og Lars Bremnes, syng tekstane hans. Blant songane på denne plata er Grågåsa og Folk i husan. Året etter skreiv han tekstar til forestillinga Bak hundrede Mile for Festspillene i Nord-Norge, basert på diktinga til Knut Hamsun.
I åra 2006-2013 skreiv Ole H. Bremnes 100 portrett-artiklar i Våganavisa, desse blei gitt ut som to bøker: Ka du fortell (2010) og Ka du fortell 2 (2013).
Prisar
endre- Årets verk 1990 for Høgsarsteinen
- Blix-prisen 1994
- Fylkeskulturprisen i Nordland 1998
Bibliografi
endre- Tolv tekster om årets gang (tekstar) 1990
- Salmodikon (tekstar) 1998
- Folk i husan (dikt) 2001
- Settekassen (dikt) 2004
- Ka du fortell (portrett) 2010
- Ka du fortell 2 (portrett) 2013
Referansar
endre- ↑ «Ole Hagbart Bremnes er død» (på norsk). Henta 3. august 2018.