Knut Hamsun (4. august 185919. februar 1952) var ein norsk forfattar, fødd på Lom i Gudbrandsdalen[1] som Knud Pedersen, men voks opp på garden Hamsund på Hamarøy i Nordland, som han seinare tok namn etter. Han er saman med Bjørnstjerne Bjørnson og Sigrid Undset ein av tre norske nobelprisvinnarar i litteratur.

Knut Hamsun

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1859
Vågå kommune, Lom kommune, Gudbrandsdalen
Død

19. februar 1952 (92 år)
Grimstad

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, skodespelforfattar, kritikar, skribent
Politisk parti Nasjonal Samling
Ektefelle Marie Hamsun, Bergljot Bech
Born Arild Hamsun, Ellinor Hamsun, Tore Hamsun, Victoria Hamsun Charlesson
Signatur
Knut Hamsun på Commons

Liv endre

Hamsun var ein ven av Tyskland og tysk kultur, og forakta den angelsaksiske verda. Han var skeptisk til britisk imperialisme, særleg gjorde boarkrigen inntrykk på han. Han var ein innbiten motstandar av sosialismen og kommunismen. Under både fyrste og andre verdskrigen støtta han Tyskland. I etterkant av eit møte med Joseph Goebbels i 1943 sende Hamsun Nobelprismedaljen sin til han som ei gåve. Hamsun møtte Adolf Hitler og prøvde å overtala han til å fjerna Josef Terboven frå stillinga som rikskommisær (Reichskommissar) i Noreg. Då Hitler døydde, skreiv han rosande minneord om han i Aftenposten kort tid før Tyskland kapitulerte.

Etter krigen vart Hamsun sperra inne i fleire månadar på Vinderen psykiatrisk sjukehus. På sjukhuset vart han testa. Målet ver å finne ut om han var tilrekneleg. Han fekk diagnosen varuge svekka sjelsevner.

 
Hovudhuset på Nørholm

Hamsun fekk likevel ei bot på 325 000 kroner for samarbeid med okkupasjonsmakta.

Den siste boka han skreiv var Paa Gjengrodde Stier (1949). Det er vanskeleg å tenkje seg at ein mann med svekka sjelsevner kunne ha skrive ei slik bok.

Han døydde på godset Nørholm ved Grimstad i 1952.

Familie endre

Hamsun var gift to gonger, den andre gongen med Marie Hamsun, fødd Andersen, som var skodespelar og forfattar. Dei hadde mellom andre sonen Tore.

Omdøme endre

Hamsun vert rekna som ein av dei fremste representantane for nyromantikk i Noreg. Hamsun meinte at forfattarar som høyrde til realismen skildra typar i staden for «levande» menneske. Sjølv ville han ha ein ny dikting som sette komplisert kjensleliv i sentrum. Han kritiserte realismen sine største forfattarar, som Henrik Ibsen og Alexander Kielland.

Si første anerkjenning som diktar fekk Hamsun i 1890 med romanen Sult. Den er delvis sjølvbiografisk og skildrar utviklinga til ein ung forfattar. Rett nok lid han under svolt og fattigdom så det går gjennom merg og bein på den som les, men samstundes skjønar ein at svolten berrlegg sjelelege landskap som verkar inspirerande på han som diktar. Dette er langt frå å vera sosialrealieme. Boka har sterke modernistiske drag og har hatt stor innverknad på norsk litteratur på 1900-talet.

Hamsun-romanane Sult, Mysterier (1892) og Pan (1894) har alle ein mannleg hovudperson som på ulike vis lever opp til det diktarprogrammet som Hamsun la fram i artikkelen «Fra det ubevidste Sjæleliv» som stod på prent i første nummer av tidskiriftet Samtiden i 1890.

Seinare nærma Hamsun seg nyrealismen. For romanen Markens Grøde (1917) fekk han Nobelprisen i litteratur i 1920.

Utgjevingar endre

  • Den Gaadefulde (1877)
  • Et Gjensyn (1878)
  • Bjørger (1878)
  • Lars Oftedal (1889)
  • Fra Det Moderne Amerikas Aandsliv (1889)
  • Sult (1890)
  • Mysterier (1892)
  • Redaktør Lynge (1893)
  • Ny Jord (1893)
  • Pan (1894)
  • Ved Rigets Port (1895)
  • Livets Spil (1896)
  • Siesta (1897)
  • Aftenrøde (1898)
  • Victoria (1898)
  • Munken Vendt (1902)
  • Kratskog (1903)
  • Dronning Tamara (1903)
  • I Æventyrland (1903)
  • Det Vilde Kor (1904)
  • Sværmere (1904)
  • Stridende Liv (1905)
  • Under Høststjærnen (1906)
  • Benoni (1907)
  • Rosa (1908)
  • En Vandrer Spiller Med Sordin (1909)
  • Livet Ivold (1910)
  • Den Siste Glæde (1912)
  • Børn Av Tiden (1913)
  • Segelfoss By (1915)
  • Markens Grøde (1917)
  • Sproget i Fare (1918)
  • Konerne ved Vandposten (1920)
  • Siste Kapitel (1923)
  • Landstrykere (1927)
  • August (1930)
  • Men Livet Lever (1933)
  • Ringen Sluttet (1936)
  • Artikler i Utvalg (red: Francis Bull) (1939)
  • Paa Gjengrodde Stier (1949)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre