Ole Iver Evjenth (fødd 20. januar 1784 i Trondhjem, daud 28. januar 1839), òg skrive Ole Ivar Evjent, var ein norsk lensmann og stortingsrepresentant.

Ole Ivar Evjenth

Fødd20. januar 1784
Trondheim
Død28. januar 1839 (55 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitibetjent
Alle verv

Evjenth var son av sjømann Ivar Evjenth og Maren Tønnesen.[1] Han arbeidde som sorenskrivarkontorist nokre år før han vart lensmann i Skjerstad i 1814.[1] Han hadde kome til Skjerstad i 1804, og budde på Ljønes først, så på Tapstad og endeleg Utvik frå han vart lensmann.[2] Han var først gift med Lava[3] Nilsdatter frå Vefsn og sidan med Harovicha Birgithe Chrstensen frå Skjerstad.[4] Det var seks born i første ekteskap og sju born i andre.[4]

Evjenth vart vald inn på Stortinget for Nordland amt første gong i 1818 og deretter i 1821 og 1839. Han døydde i nærleiken av Eidsvoll då han var på ferd for å møte i Stortinget 1839. Han var òg vararepresentant til stortinget 1830–32 og 1836–38.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Lindstøl, side 230
  2. Slektsbok for Skjerstad og Fauske, side 263
  3. Lindstøl skriv namnet «Sava»
  4. 4,0 4,1 Slektsbok for Skjerstad og Fauske, side 466

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre