Ole Jonsson Stav

Ole Jonsson Stav (183712. januar 1899) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Leinstrand i Sør-Trøndelag.

Ole Jonsson Stav
Fødd1837
Død12. januar 1899 (61 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Stav var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han Klæbu seminar, og vart seminarist i 1857. Han var gardbrukar i nokre år. Ordførar i Leinstrand 1870-71. For perioden 1871-73 var han 2. varamann til Stortinget frå Søndre Trondhjems amt, møtte på Stortinget 1872-sesjonen i staden for Ingebrigt Nordby.

Sidan vart Stav sinnssjuk. Han døydde på Frosta i 1899, etter mange års sjukdom.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914