Ole Karsten Sundlisæter

Ole Karsten Sundlisæter (fødd 1976) er ein norsk komponist og dirigent frå Støren. Han er utdanna ved Trøndelag musikkonservatorium og Conservatoir national de Region in Saint-Maur/Paris.

Produksjonen omfattar både vokalmusikk og instrumentalmusikk. Hausten 2014 blei oratoriet Olav den Helliges dåp framført i Stavanger Konserthus, Rouen og Paris. I 2015 blei operaen Haugtussa i Helheim sett opp i Oslo Konserthus, Frue kirke i Stavanger og Garborgsenteret på Bryne.

"Haugtussa i Helheim" på Garborgsenteret. Ole Karsten Sundlisæter dirigerer.

BakgrunnsstoffEndra

Internettsida til Ole Karsten Sundlisæter