59°54′47″N 10°43′47″E / 59.91306°N 10.72972°E / 59.91306; 10.72972

Oslo Konserthus har inngangen som ei innebygd bru over gata Munkedamsveien. Huset står på søylar, og under det er det ein parkeringsplass for personbilar.
Foto: Hans A. Rosbach
Inngangspartiet til Oslo Konserthus, og plassen framføre huset, som har namnet Johan Svendsens plass etter den norske komponisten Johan Svendsen. Tilkomsten til plassen og konserthuset er frå gata Ruseløkkveien. Skulpturen til venstre er Turid Angell Engs «Heptakord», og til høgre Harald Oredams «Jordemusikk»
Foto: Bengt Oberger

Oslo Konserthus er eit konserthus som ligg meir eller mindre inneklemt mellom kontorblokkene i bydelen Vika i Oslo. Tilkomsten til hovudinngangen på Johan Svendsens plass er frå Ruseløkkveien. Sceneinngangen har tilkomst frå Munkedamsveien.

Oslo kommune er eigar av konserthuset, som er tilhaldsstaden for Oslo Filharmoniske Orkester. Konserthuset vart opna 22. mars 1977.

Bygningen endre

Oslo Konserthus vart teikna av den svenske arkitekten Gösta Åbergh. Fasaden er kledd med grå Tolgagranitt frå Tolga i Østerdalen. Hovudsalen, Store Sal, har plass til 1404 tilhøyrarar, med tillegg av 212 i ei podieterrasse. Dessutan finst det ein mindre konsertsal med 266 plassar. I den store salen er det installert eit stort konsertorgel med 90 stemmer, bygd i Tyskland i 1978 av orgelbyggjaren Paul Ott.

Dei akustiske tilhøva i den store konsertsalen vert rekna som mindre tilfredsstillande, og det er gjort freistnader på å bøte på dette.

Bakgrunnsstoff endre