Ole Olsson Teslien (177021. mai 1851) var ein norsk lærar og gardbrukar frå Røros i Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann i ein periode.

Ole Olsson Teslien
Fødd 1770
Død

21. mai 1851 (80 år)

Yrke bonde, politikar

Far til Teslien var fyrst gardbrukar i Røros, sidan i Strinda. Sjølv var han ei tid lærar i Røros og gardbrukar på Ormhaug. I 1802 kjøpte han garden Overvik i Strinda. Omkring 1810 vart han eigar av eit bruk på garden Teslien i same heradet. Busett på Teslien frå omkring 1819. Han var medlem av styret for Selskapet for Strinden prestegjelds vel, og var medlem av bygdekommisjonen som styrte med skule- og fattigstellet i Strinda.

Teslien var valmann fleire gongar, mellom anna ved valet til riksforsamlinga i 1814. Han var sjølv 2. representant frå Søndre Trondhjems amtStortinget i 1818. På tinget var han medlem av 16 komitear, mellom dei komiteane om sal av benefisert gods, allmugeskulelova, sagbruksprivilegiar, Røros koparverk og fleire komitear om bank- og pengestellet. I 1818 deltok han i deputasjonen som Stortinget sende til kroninga av Karl III Johan av Noreg i Trondheim.

Han døydde på garden sin i Strinda i 1851.

KjelderEndra