Opna hovudmenyen

Ole Rømer Aagaard Sandberg (18. januar 186528. juli 1925) var ein gardbrukar og stortingsmann, fødd i Onsøy. Han var far til Ole Rømer Sandberg.

Ole Rømer Sandberg
Fødd 18. januar 1865
Død

27. juli 1925

Yrke agronom, politikar

Sandberg var son til ein storbonde i Hedmark. Etter han vart student i 1881, tok han andreeksamen ved universitetet i 1883, offiserseksamen i 1885 og høgskuleeksamen i 1888. Frå 1889 til 1901 var han kaptein i 1. akershusiske brigade. Samstundes var han gardbrukar av storgarden Deglin i Furnes, frå 1898 på Hol i Furnes. Frå 1892 redigerte han landbruksstoffet i avisa Aftenposten.

Sandberg var medlem av heradsstyret i Furnes, ei tid også ordførar. Styremedlem i Selskabet for Norges Vel 1906-08, og formann i Hedmark landbruksselskap frå 1909.

Perioden 1910-12 var han stortingsrepresentant for einmannskrinsen Søndre Hedmark, medlem av tollkomitéen. Han vart vald på eit listesamarbeid mellom Høgre og Frisinna Venstre.

KjelderEndra