Onsøy
tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg
Onsøy var tidlegare ein kommune i Austfold fylke. I 1994 vart Onsøy i lag med Borge kommune, Kråkerøy kommune og Rolvsøy kommune slått saman med Fredrikstad kommune. Kommunesenter i Onsøy kommune var Gressvik.
Etter ei meiningsmåling gjord av Norsk Gallup i 2002 for Nei til Storkommunen Fredrikstad var to tredelar av folk i Onsøy for å skipa opp Onsøy kommune, og Onsøy-lista vart skipa for å kjempa for saka.
Namnet Onsøy kjem av norrønt Óðinsey, og er eit av få stadnamn som no ber minne om Odin i Noreg.