Ole Willy Falkhaugen
Ole Willy Falkhaugen er ein norsk ballettdansar frå Sandefjord som har vore tilknytt Nasjonalballetten ved Den Norske Opera & Ballett gjennom heile karrieren.
Utdanning
endreFalkhaugen er utdanna ved Ballettskulen på Den Norske Opera og Kungliga Svenska Balettskolan i Stockholm.[1]
Karriere
endreFalkhaugen debuterte ved Nasjonalballetten i 1992, medan han enno var skuleelev. Etter utdanning i Sverige vart han aspirant ved Nasjonalballetten i 1997, og han vart fast tilsett i 1998. Han har dansa i eit breitt repertoar, i klassiske roller som Rothbert i Svanesjøen, tittelrolla i Don Quijote, Drosselmayer og Rottekongen i Nøtteknekkaren, og Alexej Karenin i Anna Karenina, men òg hatt leiande roller i moderne oppsetjingar av Jiri Kylian, William Forsythe og Jo Strømgren.[2]
Falkhaugen dansa ved Nasjonalballetten til han vart pensjonert i 2017, men har seinare vendt attende og dansa fleire roller.
I 2024 dansa han rolla som Grosserer Werle i Vildanden på Nasjonalballetten.[3]
Han har òg opptredd på andre scenar. I 2018 spelte og dansa han i Rogaland Teater si Heddaprisvinnande oppsetjing Orlando, blant anna under eit gjestespel på Nationaltheatret.[4]
Prisar og utmerkingar
endreOle Willy Falkhaugen fekk Gammleng-prisen i klassen for scenisk verksemd i 2017.[5][6]
Kjelder
endre- ↑ «Ole Willy Falkhaugen», www.operaen.no (på norsk), henta 25. august 2024
- ↑ «Ole-Willy Falkhaugen», sceneweb.no (på norsk), henta 25. august 2024
- ↑ «Det føles nesten feil at Ibsen uten ord skal fungere så godt», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 15. mars 2024, henta 25. august 2024
- ↑ «ORLANDO (13.06.2018) - FOREST», forest.nationaltheatret.no, henta 25. august 2024
- ↑ «ROLF GAMMLENGS PRIS TIL UTØVENDE KUNSTNERE - FFUK», www.ffuk.no, henta 25. august 2024
- ↑ Langevei, Per (9. november 2017), «Sandefjordsdanser fikk pris på 50.000», Sandefjords Blad (på norsk), henta 25. august 2024