Ole Wivel
Ole Wivel (29. september 1921–30. mai 2004) var ein dansk lyrikar og forleggar frå København. Han var leiar av Wivels forlag 1945–1953 og direktør i Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag 1954–1963 og 1971–1980. Han var redaktør av tidsskriftet Heretica saman med Martin A. Hansen 1950–1951.
Ole Wivel | |
Fødd | 29. september 1921 København |
Død | |
Yrke | forfattar, lyrikar, lærar |
Som lyrikar var han påverka av Rainer Maria Rilke og Stefan George og søkte mot det transcendentale, men uttrykte seg i ei modernistisk form prega av tryggleik og klårleik.
Sentralt i forfattarskapen står diktsamlingane I fiskens tegn (1948), Jævndøgnselegier (1949) og Maanen (1952). I Nike (1958), Templet for Kybele (1961), Gravskrifter (1970) og Danmark ligger her endnu (1979) uttrykker han aukande samfunnsengasjement. Av seinare diktsamlingar finn ein Skabelsen (1981), Iris (1993), Skygger i sandet (1997). Essaysamlingane Den skjulte gud (1952), Poesi og eksistens (1953), Kunsten og krigen (1965) og Poesi og protest (1971) ghev eit godt inntrykk i spennvidda i forfattarskapet. Han gav òg ut ein monografi om Martin A. Hansen (2 bd., 1967–1969).
KjelderEndra
- «Ole_Wivel» i Store norske leksikon, snl.no.