Olga Akopjan

russisk handballspelar
(Omdirigert frå Olga Levina)

Olga Sergejevna Akopjan (fødd 4. mars 1985), fødd Levina, er ein russisk tidlegare handballspelar frå Volgograd. Ho vann VM-gull med Russlands landslag i 2007 og 2009, og vart olympiameister i 2016. Akopjan deltok i 133 landskampar og skåra 367 mål.

Olga Akopjan


Statsborgarskap Russland
Fødd 4. mars 1985 (39 år)
Volgograd
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Venskapsordenen, æra meister av idrett i Russland

Rykkromspelaren Olga Levina spelte på Dynamo Volgograd frå 2002 til 2015. Ho landslagsdebuterte i 2005 og deltok i tida 2007-16 i fire verdsmeisterskap i handball og to olympiske sommarleikar. Under Handball-VM 2007 vart Levina verdsmeister etter at Russland vann finalen med 29-24 over Noreg. Året etter sikra ho seg ein bronsemedalje under europameisterskapen, ei turnering der Russland tapte klart mot Noreg i semifinalen. I 2009 forsvarte Russland og Levina verdsmeister-tittelen då det vart finalesiger 25-22 mot Frankrike. Levina, som i 2012 gifte seg til etternamnet Akopjan, deltok i Handball-VM 2011, Sommar-OL 2012 og VM 2015, alle tre meisterskapsturneringar der Russland ikkje makta nå finalespelet. Derimot lukkast ho og lagkameratane vinne olympisk gull under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. I sin siste sesong som klubbspelar, 2015/16-sesongen, gjorde Akopjan teneste for Lada Toljatti.

Kjelder endre