Handball-VM 2009 for kvinner

Verdsmeisterskapen i handball 2009 for kvinner, den 19. i rekka, vart avvikla i tida 5. til 20. desember 2009 i Jiangsu-provinsen i Kina. Til saman 24 land deltok i turneringa. Tittelforsvarar Russland vann meisterpokalen etter finalesiger 25-22 mot Frankrike.

VM-finalen

endre

Finalen mellom semifinalevinnarane Frankrike og Russland fann stad i Nanjing framfor 13 000 tilskodarar. Russland tok kommandoen i kampen og leia 14-11 ved pause. Heile andre omgangen låg det russiske laget i føringa og vann kampen med 25 mål mot 22 til det franske mannskapet.

Jelena Dmitrijeva syrgde for russisk nettsus 8 gongar. Elles skåra Olga Levina, Ljudmila Postnova og Emilija Turej 3 mål, Jekaterina Andrjutsjina, Tatjana Khmyrova og Jekaterina Vetkova 2, Tatjana Dronina og Nadezjda Muravjova 1 mål. Inna Suslina, Anna Sedojkhina, Oksana Korolova, Maja Petrova og Viktorija Zilinskaite var også med i finalen. Marina Jartseva og Ksenija Makejeva var plassert på tribunen.

Franske målskårarar var Mariam Signate 8, Allison Pineau 6, Siraba Dembélé 4, Marion Limal og Katty Piejos 2.

Danskane Martin Gjeding og Mads Hansen dømde finalekampen. Dei straffa Russland med fem 2-minuttsutvisingar og Frankrike med tre.

Kjelder

endre