Oligomiktisk
Oligomiktisk er eit omgrep nytta om innsjøar der vassmasasne sjeldan har fullsirkulasjon, og er slike sirkulasjonar skjer uregelmessig.
Ferskvatn har størst tettleik ved 4 ºC, og når overflatevatnet vert avkjølt eller oppvarma til denne temperaturen, vil det byrje å søkke nedover i vasslaga og medføre sirkulasjon. Oligomiktiske innsjøar har temperaturar godt over 4 ºC gjennom heile vassmassen, og fullsirkulasjonar skjer derfor berre under unormalt kaldt vêr. Slike innsjøar er vanlege i låglandet i fuktige, tropiske strøk.
Sjå òg
endreKjelder
endre«oligomiktisk» i Store norske leksikon, snl.no.