Oline er eit dansk og norsk kvinnenamn danna av Ole/Ola og den opphavleg franske namneendinga -ine. Oline har namnedag den 3. august. Line er ei mogleg kortform, medan Olava er eit nærskyld namn.

Namnet var mykje brukt i Noreg på 1800-talet, men bruken sokk gjennom størstedelen av 1900-talet. Frå midten av 1990-talet tok han til å veksa att. I 2009 var det 905 norske kvinner som heitte Oline.

Namnet er framleis ein del brukt på Grønland, der det er det 40. mest brukte namnet (2004).

Kjelder endre