Oliver Solberg

norsk motorsportsutøvar

Oliver Solberg (fødd 23. september 2001 i Fredrikstad) er ein svensk motorsportutøvar som konkurrere i rally og rallycross under svensk lisens. Solberg er son av den norske motorsport-utøvaren Petter Solberg og den svenske kona hans, tidlegare rallyførar Pernilla Solberg (f. Walfridsson). Han er fødd i Noreg og oppheldt seg dei første åra av livet i Monaco. Sidan 2009 har han budd i Mitandersfors i Sverige og er svensk statsborgar.

Oliver Solberg


Statsborgarskap Sverige
Fødd 23. september 2001 (22 år)
Fredrikstad
Idrett rallycross, rally

Grunna sin unge alder køyrde Solberg på latvisk lisens. Latvia har mindre aldersgrense enn det Norge har for både rally og rallycross, mens ein i Sverige kan køyre rally frå 16 år men ikkje i like motorsterke bilar som det blir tillatt i Latvia. 22. april 2017 var 15 år gamle Solberg yngste deltakar nokosinne i klassen Supercar i RallyX Nordic-serien. Solberg enda på ein tredjeplass. Bilen som han køyrde var ein Citroën DS3 lånt av faren Petter Solberg. Hausten 2017 begynte han på den franske racingskula Le Monde i Le Mans.

Solberg er frå og med 2017 med i det svenske juniorlandslaget for rally. I 2019 deltok han i det amerikanske rallymesterskapet for Subaru Motorsports der han køyrde 6 av totalt 9 rundar. Han vann 3 av disse og tok dermed 3. plassen totalt bak Subarus førsteførar David Higgins og Barry McKenna (McKenna Motorsports). I 2019 laget Daniel Fahre-dokumentaren Born2Drive om Solberg og i 2020 var han med i TV-serien Team Solberg som gjekk på TVNorge.

Kjelder endre