Olsok (frå norrønt ólafsvaka) er festen for Olav den heilage, som vert feira på dødsdagen hans den 29. juli. Dagen er markert med ei øks på primstaven.[1] Sidan 1930 har olsok vore offisiell flaggdag i Noreg.[1]

Detalj av ein primstav med merket for olsok som ei øks, nummr tre frå venstre. Vesle olsok eller olsokmesse er den mindre øksa til høgre.

Olavsvaka er ei tradisjonell nattevake med gudstenester før olsokdagen. Etterkvart blei nemninga «olsok» brukt om Heilag-Olav sin dødsdag 29. juli.[1]

Før reformasjonen var olsok ein av dei viktigaste helgenfestane i Noreg. På grunn av Olav sin spesielle posisjon i norsk historie vart olsok nasjonal festdag òg etter reformasjonen.

Festivalstemning ved OlavsstøttaStiklestad under olsokdagane i juli 2013.
Olavsvaka vert halden i Nidarosdomen natt til 29.juli. Vaka startar med ei gudsteneste kl. 23.00. Gjennom heile natta er det tidebøner kvar heile time, fram til morgonsong kl. 06.00.

I moderne tid har dagen i Den katolske kyrkja i Noreg status som liturgisk høgtid, det vil seia ein dag det er obligatorisk å feira messe for Olav den heilage. I andre land vert Marta av Betania feira same dag.

Ólavsøka er nasjonaldag for Færøyane.

Olsok har og i Noreg vorte namnedagen til Ole, Ola og Olav

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Olsok. (29. juli 2015). I Store norske leksikon.