Omega Centauri eller NGC 5139 er ein rundt 12 milliardar år gamal kulehop som ligg rundt 17 000 lysår unna jorda i stjernebiletet Kentauren.[1]

Hubble-bilete av Omega Centauri.

I 2008 blei det av eit lag som hadde bruka Hubble-teleskopet og Gemini-observatoriet til observasjonar rapportert om ei mogleg oppdaging av eit mellomstort svart hòl i Omega Centauri. Det svarte hòlet har ein estimert masse på 40 000 solmassar, og ein antek at det finst av di stjernene nærare midten av hopen fer fortare rundt enn dei lengre ut. Astronomane har likevel eit par andre scenario som kan forklara dei uventa rørslene.[1]

Det har lenge blitt spekulert i om at Omega Centauri kan vera kjernen til ein dverggalakse som har mista mesteparten av stjernene sine for lenge sidan.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Astronomers Find Suspected Medium-Size Black Hole in Omega Centauri» - Hubble-pressemelding i samband med ei mogleg oppdaging av eit middelstort svart hòl i stjernehopen Omega Centauri.