Kentauren (frå latin Centaurus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er eit av dei største stjernebileta på himmelen og av dei 48 stjernebileta som var oppførte av Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Kjende stjerner er mellom andre Alfa Centauri, det næraste stjernesystemet til solsystemet, nabostjerna Beta Centauri og V766 Centauri, ei av dei største stjernene ein har oppdaga. Stjernebiletet har òg Omega Centauri, den mest lyssterke kulehopen som er synleg frå jorda og ein av dei største ein kjenner til.

Kentauren
Kentauren
Kentauren
Latinsk namn Centaurus
Forkorting Cen
Genitivsform Centauri
Symbologi Kentaur
Rektasensjon 13 h
Deklinasjon −50°
Areal 1060 kvadratgrader
nr. 9 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
10
Sterkaste stjerne Alfa Centauri (α Cen) (−0,01. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +30° og −90°

Kjende objekt endre

 
Stjernebiletet Kentauren slik det er for det nakne auga.
 
Dei to mest lyssterke stjernene (venstre) er Alfa Centauri og (høgre) Beta Centauri. Den meir lyssvake raude stjerna i midten av den raude sirkelen er Proxima Centauri.

Stjerner endre

Kentauren har fleire særs lyssterke stjernen på grunn av plasseringa i Mjølkevegen. I tillegg er Alfa og Beta-stjernene nytta til å finne stjernebiletet Sørkrossen. Stjernebiletet has 281 stjerner over storleiksklasse 6,5, som tyder at dei er synlege for det nakne auka. Dette er mest av alle stjernebileta. Alfa Centauri, er den stjerna som ligg nærast sola og har ei stor eigenrørsle. Ho vil ligge berre kring ein halv grad frå Beta Centauri om kring 4000 år.[1]

Alfa Centauri er ei trippelstjerne som inneheld Proxima Centauri, stjerna som ligg nærast sola. Tradisjonelt er ho kalla Rigil Centaurus eller Toliman, som tyder «foten av kentauren». Systemet har ein samla storleiksklasse på -0,28 og ligg 4,4 lysår frå jorda. Både primær- og sekundærstjerna er gule stjerner. Primærstjerna har storleiksklasse -0,01 og den sekundære storleiksklasse 1,35. Proxima, den tredje stjerna, er ein raud dverg med storleiksklasse 11,0. Ho ligg nesten to grader unna dei to andre og har ein periode på kring ein million år. Proxima er òg ei flarestjerne med minuttar lange utbrot der ho blir ein storleksklasse lysare. Primær- og sekundærstjerna har ein periode på 80 år og vil vere nærast kvarandre, sett frå jorda i 2037 og 2038.[1]

Beta Centauri har òg storleiksklasse av første orden, og vert kalla Hadar og Agena. Beta Centauri er ei dobbeltstjerne. Primærstjerna er ei blå kjempestjerne med storleiksklasse 0,6, 525 lysår frå jorda. Sekundærstjerna har storleiksklasse 4,0 og dei ligg særs tett. Ei lys dobbeltstjerne i Kentauren er Gamma Centauri, som for det nakne auga har storleiksklasse 2,2. Den primære og den sekundære stjerna er begge blåkvit stjerner med storleiksklasse 2,9. Perioden deira er 85 år.[1]

Kentauren har òg mange meir lyssvake dobbeltstjerner og optiske dobbeltstjerner. 3 Centauri er ei optisk dobbeltstjerne med ei blåkvit primærstjerne med storleiksklasse 4,6 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 6,1. Primærstjerna ligg 298 lysår frå jorda.[1]

Kentauren har mange variable stjerner. R Centauri er ei Mira-variabel-stjerne med ein minste storleiksklasse på 11,8 og ein største storleiksklasse på 5,3. Ho ligg 2100 lysår frå jorda og har ein periode på 18 månader.[1] V810 Centauri er ein halvregulær variabel.

BPM 37093 er ein kvit dverg med karbonatom ein trur har forma ein krystallstruktur. Sidan diamantar består av karbon arrangert i eit krystallgitter (men i ein annan konfigurasjon) har forskarar kalla denne stjerna «Lucy» etter Beatles-songen «Lucy in the Sky with Diamonds».[2]

Djupromsobjekt endre

ω Centauri (NGC 5139) er, trass i at han er oppført som ei «Omega»-stjerne, ein kulehop ein kan sjå med det nakne auga. Han ligg 17 000 lysår unna med ein diameter på 150 lysår. Han er den største og mest lyssterke kulehopen i Mjølkevegen, kring ti gonger så stor som den nest største hopen,[3] med ein storleiksklasse på 3,7. Han er òg den mest lyssterke kulehopen i Mjølkevegen, over ein million gonger så lyssterk som sola.[1] Det er den einaste kulehopen som har ei Bayer-nemning. Han inneheld fleire millionar stjerner, og dei fleste er gule dvergstjerner. Han har òg raude kjemper og blåkvite stjerner; stjerner med ein middelalder på 12 milliardar år. Dette gjer at ein mistenker at Omega Centauri har vore kjernen i ein dverggalakse som har blitt absorbert av Mjølkevegen. Ein oppdaga at Omega Centauri ikkje var ei stjerne i 1677 av den engelske astronomen Edmond Halley.[3] James Dunlop avgjorde i 1827 at det var ein kulehop.[4]

Kentauren har fleire andre opne hopar. NGC 3766 er ein open hop 6300 lysår frå jorda som er synleg for det nakne auga. Han inneheld kring 100 stars, og den mest lyssterke har storleiksklasse 7. NGC 5460 er ein annan hop ein kan sjå med det nakne auga, 2500 lysår frå jorda, med ein samla storleiksklasse på 6 og med kring 40 stjerner.[1]

Det finst ei lys planetarisk tåke i Kentauren, NGC 3918, som òg vert kalla Den blå planetære. Ho har ein samla storleiksklasse på 8,0 og ei sentral stjerne med storleiksklasse 11,0, 2600 lysår frå jorda. Denne vart oppdaga av John Herschel og fått namnet sitt fordi fargen minna om Uranus, sjølv om stjernetåke er tre gonger så lyssvak som planeten.[1]

Kentauren har mange galaksar. NGC 4622 er ein spiralgalakse 200 million lysår frå jorda (raudforskyving 0,0146). Spiralarmane snor seg i begge retningar, noko som gjer det nesten umogeleg å avgjere rotasjonsretninga til galaksen. Ein trur at ein kollisjon med ein mindre galaksen nær kjernen av hovudgalaksen har ført til den uvanlege spiralstrukturen.[3] NGC 5253 er ein irregulær galakse, nær grensa til Vasslangen og M83, som han truleg vekselverka med gjennom tyngdekrafta for 1,2 milliardar år sidan. Dette kan ha sett i gang den aktive stjernedanninga, som pågår i dag og medverkar til lysstyrken til galaksen. NGC 5253 har ei stor stjernetåke og minste 12 store stjernehopar. NGC 4945 er ein spiralgalakse sett langs kanten frå jorda, 13 million lysår unna. Ein annan galakse er NGC 5102.

Ein av dei næraste aktive galaksane til jorda er Kentauren A-galaksen, NGC 5128, i ein avstand på 11 million lysår (raudforskyving 0,00183). Han har eit supermassivt svart hòl i kjernen, som kastar ut massive jettar av materie som sender ut radiobølgjer på grunn av synkrotronstråling. Astronomar påstår at støvbanar, som er uvanlege i elliptisk galaksar, kjem av ein tidlegare samanslåing med ein annan galakse,[3] truleg ein spiralgalakse. NGC 5128 har storleiksklasse 7,0, [1] og under perfekte forhold kan ein sjå han med det nakne auga, noko som gjer han til eit av dei mest fjerntliggande objekta ein kan sjå. ESO 270-17, òg kalla Fourcade-Figueroa-objektet, er ein eit lyssvakt objekt ein trur er restane av ein galakse. Han har ikkje ein kjerne og er særs vanskeleg å sjå i amatørteleskop. Det har truleg vore ein spiralgalakse før det skjedde ein katastrofal vekselverknad med Kentauren A kring 500 million år sidan, som stoppa rotasjonen og øydela strukturen.[5]

NGC 4650A er ein polar-ringgalakse som ligg kring 136 millionar lysår frå jorda (raudforskyving 0,01). Han har ein sentral kjerne av eldre stjerner som liknar ein elliptisk galakse, og ein ytre ring av yngre stjerner som krinsar rundt kjernen. Planet til den ytre ringen er forvrengd, som indikerer at NGC 4650A er resultatet av ein galaksekollisjon kring ein milliard år sidan. Denne galaksen er òg sitert i studiet av mørk materie, fordi stjernene i den ytre ringen går i bane for raskt i forhold til den samla massen deira. Dette indikerer at galaksen er omgjeve av ein halo av mørk materie, som gjev den naudsynte massen.[3]

Ein av galaksehopane som ligg nærast jorda er Kentauren-hopen, som ligg 160 millionar lysår unna (raudforskyving 0,0114). Han har ein kjøligare, tettare region av gass, og ein varmare, meir diffus, ytre region. Materien mellom galaksane i Kenrautren-hopen har ein høgare konsentrasjon av metall på grunn av mange store supernovaer. Denne hopen har òg ei søyle av gass som ein ikkje veit opphavet til.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Ridpath & Tirion 2001, s. 108-111.
  2. «Discovery of largest known diamond». AZoM. February 15, 2004. Henta 13. juni 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1. utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  4. Levy 2005, s. 163.
  5. Steinicke 2007, s. 182.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kentauren