Onegabukta (russisk Онежская губа - Onezjskaja guba eller Онежский залив - Onezjskij zaliv) er ei bukt i Kvitsjøen nordvest i Russland, sørvest for Arkhangelsk. Ho har ei lengd på 185 km og ei breidd på 50-100 km. I snitt er ho 16 meter djup og 36 meter på det djupaste.

Øya Kij ved Onegabukta.

Elvane Onega, Kem og Vyg munnar alle ut i bukta. Det finst mange øyar i bukta og den største og mest kjende av desse er Solovetskijøyane. På vestkysten ligg byen Belomorsk og munningen av Kvitsjø-Austersjø-kanalen.

Kjelder

endre

64°20′N 36°30′E / 64.333°N 36.500°E / 64.333; 36.500