64°00′N 37°52′E / 64.000°N 37.867°E / 64.000; 37.867

Strand på Kij

Kij (russisk Остров Кий; Ostrov Kij) er ei øy i Onegabukta i Kvitsjøen som ligg 8 km frå kysten og 15 km frå byen Onega. Ho er 2 km lang frå nordvest til søraust, medan breidda varierer frå 200 til 800 meter. Landskapet består av breie sandstrender, granskog rik på ber og store steinar.

Kij er kjend for Krestnyjklosteret, med si spesielle historie og arkitekturhistorisk interessante bygningar. Tusenvis av turistar vitjar øya kvart år.[1]

Historie endre

 
Kopi av Nikon-krossen.

I 1632 prøvde den framtidige patriarken Nikon å rømme frå Solovki til Kozjeozero-klosteret i sør. Som Nikon seinare erindra, braut ein storm laus og livet hans var i fare. Munken byrja å be til den heilage krossen og snart vart båten hans kasta i land på Kij, der han reiste ein trekross for å takke himmelen.

Tjue år seinare drog han frå Novgorod til Solovki for å hente relikviane til metropolitt Filip til Moskva. Undervegs vitja han Kij-øya og var tilfreds over å sjå at trekrossen hans framleis stod oppreist. Då han vart patriark eit år seinare gav Nikon ordre om at det skulle opprettast eit kloster på staden. Kyrkja vart tileigna til Den sanne krossen i 1656.

Under Nikon sitt overoppsyn vart Kij-ostrovskij Krestnyj Monastyr (russisk skrift Кий-островский Крестный монастырь) eit av dei rikaste klostera i regionen. Patriarken sendte munkane ein enorm kross av sypress, bestilt av han i Palestina som «ein eksakt kopi av Den sanne krossen» og overdådig dekorert med juvelar. I 1660 vitja han klosteret for siste gang og budde der i eitt år. Ein meiner at den eigensindige patriarken personleg valde plasseringa til og teikna dei fleste bygningane for å passe sin eigen smak. Det var for hans eige bruk at det vart bygd eit enkelt korloft inne i katedralen. Ein stor del av bygningane til klosteret, mellom dei katedralen, vart bygde av lokal granitt, for å vere i harmoni med dei steinete omgjevanadane. Etter Nikon døydde forfall klosterbygningane og eigedommane vart ekspropriert. Den britiske marinen plyndra øya under Krimkrigen, den 9. juli 1854. Året etter vart ho øydelagd av brann, men Den heilage synoden avgjorde å restaurere komplekset. Kommunistane la ned klosteret i 1922.

Bygningar endre

 
Krosskatedralen i Krestnyjklosteret

Granitthøgdene på øya er krona av den firesøyla Krosskatedralen, dedikert med Nikon til stades 4. september 1661. Dei monumentale proporsjonane er bevisst arkaiske, men den samla effekten er uvanleg luftig og lys for tradisjonell russisk arkitektur. Det var tidlegare tre kuplar, men berre den midterste er att. Andre bygningar frå perioden til Nikon er kapellet over brønnen (1661), den to etasjar høge Jomfrufødselskyrkja (1689), den stygt skadde Allehelgenskyrkja (1661) og diverse andre bygningar.

Kjelder endre

  1. «Offisiel nettstad for turistinformasjonssenteret i Arkhangelsk oblast». Turistinformasjon. 23. mai 2007. Henta 23. mai 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kij