Kråkerøy
tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg
Kråkerøy var tidlegare ein kommune i Østfold fylke. Kråkerøy kommune vart oppretta i 1904 då området vart skilt ut frå Glemmen kommune. I 1994 vart Kråkerøy i lag med Borge kommune, Onsøy kommune og Rolvsøy kommune slege saman med Fredrikstad kommune. Kråkerøy var den minste av desse kommunane, 25 km².
Kommunen låg i utlaupet av Glomma på Kråkerøy, Kjøkøy og nokre småøyar. Kråkerøybrua bind Kråkerøy saman med fastlandet i Fredrikstad sentrum, og over Kjøkøy er det vegsamband til Hvaler.
Kjende personar frå KråkerøyEndra
- Erling Johansen - norsk arkeolog