Onsen er eit japansk omgrep som blir brukt for varme kjelder, og dessutan badeanlegg og overnattingsstader knytte til desse. På grunn av mykje vulkansk aktivitet har Japan tusenvis av onsenar over heile landet. Desse speler ei viktig rolle i japansk turisme.

Japansk onsen

Ei varm kjelde skal ha eitt visst mineralinnehald eller halda minst 25 °C for å kunna kategoriserast som ein onsen.[1]

Vanlegvis er onsenar offentleg tilgjengelege, og ein kan betala for å koma inn. Bada er delte etter kjønn, sjølv om det har vorte vanlegare med onsenar der begge kjønn kan bada. Dette blir for kalla konyoku.[2][3]

Det finst eigne japanske gjestgjevarstader med privat onsen (kalla ryokan) der ein kan kombinera overnatting med onsen. Mange har dessutan små, private onsenar på bada på romma.[2]

Kjende onsen (utval)

endre

Biletgalleri

endre

Kjelder

endre
  1. «'Onsen': know what you're getting into». The Japan Times. Arkivert frå originalen 10. april 2016. Henta 16. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Onsen: Nyt et avslappende bad i naturlige varmekilder - JapanGuiden.no» (på norsk bokmål). 27. januar 2022. Henta 8. september 2022. 
  3. Hotovec, Josip (15. mars 2021). «Konyoku Onsen - Mixed Onsen in Japan». Japanko Official (på engelsk). Henta 8. september 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Onsen
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.