Opedalsteinen
Opedalsteinen er ein runestein frå Opedal i Ullensvang herad i Hordaland.
I prost Gert Miltzow sitt verk Presbyterologia frå 1679 omtalar han to liksteinar frå Opedal kyrkjegard, den eine med runeinnskrift. I 1825 freista biskop Jacob Neumann å finna att runesteinen, men forgjeves. I 1890 vart steinen likevel funnen av sokneprest Johannes Brochmann. Han låg då som trappestein føre inngangen til ein bygning på staden, og var temmeleg nedslite. Brochmann sørgde for å få sendt steinen til Bergens Museum. Innskrifta er freista tydd fleire gonger, dette er tolkinga til Aslak Liestøl (d. 1983):
- (ar)tiþæirikser:þa: er fimno(tom) er
På norrønt vert det: Ártiđ Eiriks er þá er fimm nóttum er ....
På moderne norsk vert tolkinga: «Eiriks sjelemesse er når (det) er fem netter (før eller etter ein ukjend dato)».
Runene vert daterte til mellomalderen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Opedalsteinen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2019.
Litteratur
endre- Norges innskrifter med de yngre runer. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. s. 22ff.