Jacob Neumann

norsk politikar og prest

Jacob Neumann (13. juli 177225. januar 1848) var ein norsk prest og biskop. Han var fødd i Drammen, døydde i Bergen. Han var gift med ei tysk kvinne, Justine Brun.

Jacob Neumann

Jacob Neumann måla av Johan Görbitz
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1772
Drammen kommune
Død

25. januar 1848 (75 år)
Bergen

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Jacob Neumann på Commons

Embetsvirke endre

Neumann fullførte sin embetseksamen i teologi ved Universitetet i København i 1796. Han var huslærar hos rike familiar, både før og etter han bestod eksamen. Ved sidan av lærargjerninga hadde han høve til å drive studiar på eiga hand. I 1799 tok han den teologiske doktorgraden på ei kyrkjehistorisk avhandling om erkebiskopen i Lund, forfatta på latin. Same året fekk han stilling som residerande kapellan i Asker i Akershus. I Asker virka han som prest i 22 år, frå 1805 som sokneprest. I 1814 var han med i det overordentlege storting, og han var med i deputasjonen som reiste til Stockholm for å overbringe grunnlova og helse den nye norske kongen. Sommaren 1822 tok han til som biskop i Bergen bispedømme, eit embete han hadde til han døydde.

Opplysningsmannen endre

Neumann høyrde til opplysningsprestane og var ein aktiv embetsmann. I Asker utdanna han lærarar, dreiv propaganda for vaksinasjon, skreiv om landbruksvitskaplege emne og innførte forbetringar i jordbruket. I sin posisjon som biskop fekk han høve til å innvirke på ei rekke kunnskapsområde. Saman med Wilhelm F. K. Christie grunnla han Bergens Museum i 1825. På sine mange visitasreiser sanka han inn gjenstandar og innhenta opplysningar av kultur- og naturhistorisk verdi. Særleg var han interessert i arkeologi, skreiv om oldfunn og teoriserte kring desse. Sommaren 1841 fekk han vitjing av den sjølvlærte sunnmøringen Ivar Aasen, som viste biskopen si målføregransking Den sunnmørske Dialekt. Neumann vart imponert og sette språkforskaren i kontakt med Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Vitskapsselskapet støtta Aasen med midlar, slik at denne kunne granske alle dei norske målføra. Neumann vart dermed ein av fødselshjelparane til det nynorske skriftspråket.

Kristensyn endre

I sin teologi var han typisk for opplysningstida. Han var lite nøgd med Pontoppidan si forklaring til Luthers katekisme. I 1811 gav han ut ein omarbeidd versjon av Luthers vesle katekisme. Til dømes skreiv han i forklaringa til artikkel to i trusvedkjenninga at Kristus «gikk over i Aandernes Verden», i staden for det vedtekne «nedfoer til Helvede». Men statsstyringa i København nekta å godkjenne verket. Han var motstandar både av haugianar-rørsla og han var negativ til N.F.S. Grundtvig sitt kristensyn. Sjølv om han med åra vart mindre avvisande til desse og liknande rørsler, var han all si tid ein motstandar av vekkingar og nyortodoks kristendomsforståing.

Kjelder endre