OpenBSD

operativsystem

OpenBSD er eit fritt, Unix-liknande operativsystem som fokuserer på å vera trygt, stabilt og korrekt, som i denne tydinga vil seia at det oppfyller viktige standardar og spesifikasjonar for slike system. OpenBSD har ein liten, men lojal brukarbase. Prosjektet vert leidd av Theo de Raadt, som bur i Canada.

OpenBSD


skapar(ar)Theo de Raadt
Utviklar(ar)Theo de Raadt, OpenBSD-prosjektet
Utgjeve18. oktober 1995
Nyaste versjon7.4 (16. oktober 2023)[1]
PlattformDEC Alpha, IA-32, x86_64, MIPS, PowerPC, PA-RISC, SPARC64, ARMv7, ARMv8-A, LUNA, RISC-V
Bygger påNetBSD, BSD
LisensISC-lisens
Nettstadhttps://www.openbsd.org/

Soge endre

I desember 1994 vart Theo de Raadt, som på den tida var med i utviklarteamet åt NetBSD, ein annan fri BSD-variant, beden om å trekkja seg, og han vart nekta tilgjenge til å endra kjeldekoden. Det er framleis uklårt kva som låg bak dette, men mange trekkjer fram personlege konfliktar mellom utviklarane.

I oktober 1995 grunnla de Raadt OpenBSD, eit nytt prosjekt som basert på utgåve 1.0 av NetBSD. Den fyrste utgåva, 1.2, kom ut i juli 1996, og i oktober det same året kom utgåve 2.0. Sidan dess har utviklarane fylgt ei slepprute med eit mellomrom på seks månader. Kvar utgåve vert støtta og vedlikehalden i eitt år.

Det er vanskeleg å slå fast kor mange brukarar OpenBSD har sidan utviklarane ikkje samlar eller publiserer statistikk over dette. I september 2005 utførte prosjektet BSD Certification ei undersøking som synte at 32,8 prosent av BSD-brukarane nytta OpenBSD, noko som vil seia at OpenBSD er den 2. største av dei fire viktigaste BSD-variantane. FreeBSD og NetBSD fekk høvesvis 77 % og 16,3 % på denne målinga.

Lisensiering endre

OpenBSD nyttar Internet Systems Consortium-lisensen, som tilsvarar BSD-lisensen på dei fleste omkverve. Prosjektet legg stor vekt på å vera heilt fritt, og som fylgjer av dette vil utviklarane til dømes heller sleppa ei utgåve av systemet som ikkje stør den og den maskinvara enn å nytta drivarar eller firmware som er sleppte under inkompatible lisensar. Dette gjeld all proprietær programvare og somme såkalla «opne» lisensar. Programvare som er sleppt under GPL er tillaten, men prosjektet føretrekkjer BSD- eller ISC-lisensane, og utviklar ofte sine eigne variantar av programvare som er utgjeven med GPL-lisensen. Eit døme på dette er mg, ein GNU Emacs-liknande teksteditor.

Kjelder endre

  1. «OpenBSD 7.4 released -- Oct 16, 2023». 16. oktober 2023. Henta 16. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff endre