BSD
BSD er ei populær nemning på ei rekkje frie og ufrie operativsystem. BSD står for Berkeley Software Distribution, og er ein versjon av Unix-kjeldekoden som vart utvikla ved Berkeley-universitetet i California i USA. Sjølv om BSD-system held marginale brukarmassar på skrivebordsmarknaden, er dei mellom dei viktaste tenarsystema, og BSD-teknologi ligg til grunn for Mac OS X.
BSD | |||
| |||
Utviklar(ar) | University of California, Berkeley | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 1977 | ||
Nyaste versjon | 4.4-Lite2 (juni 1995)[1] | ||
Skrevet i | C | ||
Bygger på | Forsknings-Unix | ||
Lisens | BSD-lisensen | ||
Føregangar | Unix | ||
Etterfølgjar | 386BSD[1] |
Variantar
endreDei viktigaste frie BSD-variantane er FreeBSD, OpenBSD og NetBSD, som byggjer på versjon 4.4 av BSD-koden. Desse er har ISC- og BSD-lisensar, noko som tillèt dei som vil bruka kjeldekoden å gjera om lag kva dei vil, derimellom å lukka kjeldekoden til produkt som baserer seg på den lånte koden. Døme på at dette har vorte gjort, er TCP/IP-implementasjonen i Microsoft Windows-operativsystema. Mac OS X låner mange komponentar frå FreeBSD og 4.3-BSD, men kjernen i systemet er mikrokjernen XNU. Sun Microsystem sitt operativsystem Solaris byggjer på versjon 4.3 av den opphavlege BSD-koden. BSD/OS er ein kommersiell BSD-variant som ikkje vert utvikla lenger, men som er populær i tenarmarknaden.