Opna hovudmenyen

Open by er ifølgje Haagkonvensjonane at ein by ved eit venta åtak av fienden ikkje forsvarer seg men erklærer at han er open for fienden utan motstand. Fienden har då ikkje lov å omleire eller bombe byen.

Dette har skjedd fleire gonger under krig når ein har innsett at ytterlegare kampar mot ein overlegen fiende berre vil føre til unødige øydeleggingar.

Døme på byar som har vorte erklært for opne byar er:

  • Paris i 1940, den franske regjeringa forlet byen då det var openlyst at tyskarane ville ta byen.
  • Oslo i 1940.
  • Manilla i 1942, den amerikanske militære leiinga innsåg at byen ikkje lenger var strategisk viktig.
  • Roma i 1944, dei tyske styrkane trekte seg ut då dei ikkje ønskte å skade byen med kamphandlingar.