Operasjonsanalyse

Operasjonsanalyse er ein vitskapleg metode som vert nytta for å gje ein kvantitativ basis for avgjersler. Operasjonsanalyse oppstod først i Storbritannia under andre verdskrigen. Ein organiserte vitskapsfolk med utdanning frå fleire naturvitskaplege område i mindre grupper innanfor militære stabar for å analysere militære operasjonar for å finne den mest effektive bruken av tilgjengelege ressursar. Dette vart dei første operasjonsanalysegruppene og var viktige for utfallet av slaget om Storbritannia og slaget om Nord-Atlanteren. Det vart òg danna slike grupper i USA.

Sidan operasjonsanalysen hadde stor suksess under krigen, vart teknikkane og metodane raskt teken i bruk i det sivile livet, både innanfor næringslivet og offentleg administrasjon. I dag har nesten alle store industriføretak eigne operasjonsanalysegrupper.

Operasjonsanalysen nyttar kjende vitskaplege metodar og hjelpemiddel for å løyse spesifikke problem. Sannsynsrekning, statistikk og programmeringsmetodar er viktige element saman med teoriar og metodar som er utvikla for å løyse kø-, lager- og allokeringsproblem.

Kjelder

endre