Denne artikkelen handlar om elva i Odda. For elva med same namn i Ullensvang, sjå Opo i Ullensvang.

Opo er ei elv i Odda kommune. Sjølve Opo er 2,33 km lang: ho renn nordover frå Sandvinvatnet og munnar ut i Sørfjorden ved sentrum av tettstaden Odda. I tillegg får Opo tilsig frå fleire store elvar ovanfor Sandvinvatnet, nemleg Storelvi, Austdølo som formar Låtefossen og kjem frå Reinsnosvatnet og Jøsendalselvi. Det kjem også tilsig frå Folgefonna. Opo er varig verna mot kraftutbygging.[1]

Flaumen i oktober 2014Endra

Under flaumen på Vestlandet i oktober 2014 vart Odda sterkt råka av di Opo førte med seg store øydeleggingar der. Elva vaks seg så stor at ho grov seg nytt leie. Fem hus blei tekne av elva og fleire andre stod så nær elva at bygningane ikkje var til å redda.[2] I tillegg kollapsa fundamentet under ei bru over Opo, slik at brua delvis rasa ut i elva og femten hus på Hjøllo vart isolerte.[3] Det kom også store skadar på vegnettet i Odda og svært mykje vrakgods hamna utpå Sørfjorden.[4]

FotnotarEndra