Opo i Ullensvang
- Denne artikkelen handlar om elva i Ullensvang. For elva med same namn i Odda, sjå Opo i Odda.
Opo (uttalt «åpo») er ei elv i Ullensvang kommune, i Hardanger i Vestland. Elva tek til ved Opesjovatnet (1014 moh.) på vestlege Hardangervidda. Herifrå renn elva vestover mot Sørfjorden. Søraust for fjelltoppen Nosi dannar Opo Rjukandefossen, som styrtar ned fjellsidene over Lofthus. Fossen har fått namnet sitt av di det stadig stig skyer av fossesprut herifrå, så det ser ut som det ryk.
Opo | |||
elv | |||
Opo, der ho renn ut i Sørfjorden.
Foto: Hallvard Lid | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Etter Rjukandefossen ligg i rask rekkefylgje fossane Melafossen, Bjødnabykse og Opofossen. Fossen Bjødnabykse har ei soge bak seg om korleis han fekk namnet sitt: ein sauegjætar skal ha vore og gjett sauene sine i fjellsidene ved Opo då han oppdaga at ein bjørn hadde gått til åtak på ein av sauene hans. Gjætaren vart sint og ville slå i hel bjørnen, og bjørnen flykta. Mannen sette etter, heilt til dei kom til ein av fossane i Opo. Der bykste bjørnen over fossen. Det bykset greidde ikkje mannen å gjera etter bjørnen, og han måtte gje opp jakta. Etter det vart fossen heitande Bjødnabykse.
Etter at dei brattaste fjellsidene er ferdige, renn Opo saman med den mindre elva Skrikjo, som òg kjem ned frå Hardangervidda. Opo renn etter dette gjennom Elvadalen, framleis ganske raskt. Rundt dalen har det vorte laga tursti som startar frå Veisane barnehage, går gjennom Tellmyrane opp til ei bru, og over Tveitane tilbake til Hordatun. Frå brua er det fin utsikt til Opo. Det går også ein litt meir krevjande tursti frå brua og opp til Bjødnabykse.
Etter Elvadalen renn Opo gjennom sjølve bygda Lofthus, og dannar det naturlege skiljet mellom den gamle garden Opedal og Hordatun, der m.a. Hardanger Folkehøgskule ligg. Elva har grave seg ein liten dal som omgjev henne i heile den siste delen av løpet hennar. Til slutt når elva Sørfjorden like nord for Ullensvang kyrkje. Opo har gjeve namn til området Opedal på Lofthus, og til Opesjovatnet.
Opo er varig verna.
Kjelder
endre- «Opo» i Store Norske Leksikon
- Informasjonsplakett om turen rundt Elvadalen Arkivert 2013-05-26 ved Wayback Machine.