Oppdaginga av Amerika

Det er mange ulike syn på kva tid Amerika vart «oppdaga», og ikkje minst av kven. Sjølv om Amerika vart folkesett av indianarar og eskimoar frå Asia for om lag 20 000 år sidan, er det vanleg å vise til desse ulike hendingane for å forklare den såkalla oppdaginga:

  • Islendingen Bjarne Herjolvsson er den fyrste oppdagaren vi veit fann vegen til Amerika frå Europa, men bygt på Bjarne si forteljing, var den fyrste til å setje føtene på kontinentet ingen ringare enn Leiv Eiriksson.
  • Etter Leiv Eiriksson har det vore fleire meir eller mindre stadfesta overfartar av nordbuarar og andre til Amerika. Baskiske fiskarar kan ha vore utanfor New Foundland tidleg. João Vaz Corte-Real er ein av oppdagarane som skal ha vore i Amerika før Colombus.
  • Christofer Columbus er den mest kjende av oppdagarane som vi veit sikkert nådde fram til det nye kontinentet etter vikingane.
  • John Cabot, eller Giovanni Caboto som han eigentleg heitte, var mest sannsynleg den fyrste som kom til fastlandet i Amerika. Han kom eitt år før Columbus la ut på si tredje ferd over til Amerika, då han òg nådde fastlandet.
  • Amerigo Vespucci kom med påstanden om at Amerika var eit eige kontinent og ikkje Aust-Asia, som oppdagingsreisande før han hadde trudd. Han la ut på fleire reiser søretter kysten av Amerika. Det vert hevda at kontinentet ber namnet hans.

Kjelder endre