Leiv Eiriksson eller Leiv den hepne (islandsk Leifur Eiríksson) var ein norrøn oppdagar fødd om lag 975 på Island, og døydde om lag 1020.

Leiv Eiriksson
Viking at MN Capitol.jpg
Fødd ca. 970
Den islandske fristat
Død

ca. 1020
Greenland

Yrke oppdagar, sjøfarer
Leiv Eiriksson på Commons
Leiv Eiriksson oppdager Amerika. Måleri av Christian Krohg frå 1893.

Leiv var ein viking, oppvaksen på garden Brattalid i EiriksfjordGrønland. Han var son av Eirik Raude, som var son av Thorvald Asvaldsson. Mora var Thjodhild. Eirik Raude er rekna å koma frå Jæren i Rogaland fylke.

Frå Brattalid reiste Leiv sørover til nordspissen av Newfoundland som han kalla Vinland. Ein reknar 9. oktober 1000 som tidspunktet for denne oppdaginga. Der bygde han hus (Leivsbuene) og overvintra. Han reiste fleire gonger nedover for å overvintra.

Bjarne Herjolvsson skal ha oppdaga og gjeve namn til Markland, Vinland, og Helluland allereie om lag 986.

I alle høve kom båe to mykje før Christopher Columbus til den verdsdelen som seinare vart kalla Amerika.

I 1960 fann Helge Ingstad att Leivsbuene på L'Anse aux Meadows i Canada.

BakgrunnsstoffEndra