Oppdrag Nord-Norge
Oppdrag Nord-Norge er ein norsk dokumentarserie som gjekk på NRK. Serien følgjer ni ekstremsportutøvarar som reiser i båt langs kysten av Nord-Noreg, frå Lyngen via Senja, Vesterålen og Lofoten til Steigen. Kari Traa var ein av deltakarane, men var gravid då programmet vart spelt inn og måtte avgrense seg.[1]
Sjanger | Dokumentar | ||
---|---|---|---|
Produksjonsland | Noreg | ||
Episodar | 8 | ||
Lengd | 30 min. (per episode) | ||
Språk | Norsk | ||
Periode | 7. mars 2013– 25. april 2013 | ||
Kanal | NRK | ||
Biletformat | 16:9 |
Oppdrag Nord-Norge omfattar åtte episodar og vart send første gongen mellom 7. mars 2013 og 25. april 2013. Serien var tilgjengeleg på NRK Nett-TV fram til juni 2015.[2]
Referansar
endre- ↑ «Møt deltakerne i Oppdrag Nord-Norge». nordnorge.com. Henta 6. juni 2018.
- ↑ «Oppdrag Nord-Norge». NRK. Henta 6. juni 2018.