Denne artikkelen handlar om øya i Troms. For kommunen, sjå Senja kommune.

Senja er ei øy i Troms. Øya er med eit areal på 1586,3 km2 den nest største i fastlands-delen av Noreg, og ligg i kommunen Senja, som også dekker ein del av fastlandet i aust. Før 2020 var øya delt mellom dei fire kommunane Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik. Øya har spreitt busetnad, fråflytta småsamfunn, levedyktige samfunn og i underkant av 8000 innbyggarar. Folkesetnaden er størst på innsida av øya langsetter Gisundet. Den største tettstaden på øya er Silsand, som ligg med Gisundbrua som knyter Senja til fastlandet. Det største fiskeværet på Senja er Gryllefjord i Torsken kommune, som har ferjesamband om sommaren til AndenesAndøya i Vesterålen.

Senja
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°20′N 17°30′E / 69.333°N 17.500°E / 69.333; 17.500

Areal 1586,3[1] km²

Høgaste punkt Breitinden (984 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms
Største busetnad Silsand (1315 innb.)

Demografi
Folketal 7728 (2008)
Folketettleik 4,9 /km²
Okshornan sett frå Tungeneset

Senja har ein mangfaldig natur, og er derfor ofte kalla for eit «Noreg i miniatyr». Vestsida av øya vendar ut mot det opne havet og er lokalt kalla for Yttersida. Landskapet her er vêrhardt og prega av skjergard, sandstrender og bratte fjell som går rett ned i havet. Austsida av Senja, lokalt kalla Innersida, er lunare og har rolegare terreng med bjørkeskog, fruktbar jord og åsar. På den sørlege delen av Senja ligg Ånderdalen nasjonalpark.

Stadnamnet Senja går truleg tilbake til norrøne Senja, men opphavet er uvisst. Språkleg kan Senja henge saman med norrøne sundr i tydinga «sund», «ifrå kvarandre», «opprive». Ein annan teori er at namnet Senja kan vere ei fornorsking av det samiske namnet på øya, Sážža.

Geografi endre

Geografien på Senja er skiftande frå aust til vest. Vestsida av øya vendar ut mot havet og blir kalla for Yttersida. Her er landskapet prega av fjordar, bratte fjell og spisse tindar på 600–1000 moh. Mellom fjella går djupe botnar og tronge søkk, delvis også meir opne og myrlendte dalar. Kysten her er prega av skjergard, mindre øyar og sandstrender. Her skjer djupe fjordar inn, og busetnaden ligg for det meste konsentrert i fiskevær eller på mindre stader der busetnad er mogeleg. Austsida av øya blir kalla for Innersida, og her er jamnare terreng med bjørkelier og dyrka mark. Busetnaden her er jamt spreitt langs kysten og innover dalane. Senja har mange vatn, og i dei fleste vatna er det sett ut fisk.

 
Bergsbotnen sett frå ei utsiktsplattform attmed vegen.
 
Morgon i Medby på Senja

Den høgste toppen på Senja er Breitinden på 985 m.o.h, som ligg nordvest på øya. Andre kjende fjelltoppar på øya er mellom anna Kvænan (964 m.o.h.) sør på øya, Keipen 938 (m.o.h.) nordvest på øya og Segla (639 m.o.h.) mellom Mefjorden og Øyfjorden. Berggrunnen på Yttersida består i hovudsak av djupbergartane granitt og gabbro. På Innersida i aust er grunnen i hovudsak glimmerskifer.

Vest på Senja ligg dei fire tettstadene Gryllefjord, Senjahopen, Fjordgard og Husøy, og bygdene Skaland og Torsken. I aust ligg tettstadene Silsand og Gibostad. Den sør-austlege delen av Senja er berglendt med svaberg og verneverdig furuskog, og her ligg Ånderdalen nasjonalpark.

Folkesetnad endre

Senja hadde 7 808 innbyggarar 1. januar 2015, fordelt slik:

  • Berg kommune 905
  • Lenvik kommune 4 475
    • Silsandområdet 2 750
    • Gibostadområdet 904
    • Stønnesbotn/Øyfjordomr. 821
  • Torsken kommune 884
  • Tranøy kommune 1 544

Folketalet omfattar dei to mindre øyane Husøy og Lemmingvær. 54 % av folkesetnaden er busett på Innersida av Senja, (36 % langs Gisundet og Laksfjorden, 6 % langs Solbergfjorden og Tranøybotn, 12 % på innlandet), 19 % bur på Nord-Senja (frå Lysbotn til Mefjorden), 18 % på Yttersida (frå Ersfjorden til Flakstadvåg) og 8 % bur på Sør-Senja.

Turistmål endre

Nasjonal turistveg Senja går mellom Gryllefjord og Botnhamn, med avstikkarar til Mefjordvær og Husøy. Strekninga er om lag 102 km lang, med fleire utsiktspunkt og turistmål, som Bergsbotn, Okshornan og Husøy. Om sommaren går det ferje mellom Gryllefjord og Andenes på Andøya, som koplar turistvegen på Senja saman med Nasjonal turistveg Andøya.

 
Senjatrollet

På Senja er det fleire museum, mellom anna Sážža – Senja natur- og kultursenter på Øverbotn, Samemuseet i Kaperdalen, Hofsøya Bygdemuseum på Stonglandet og Kveitmuseet i Skrolsvik. Øya er elles rik på natur og andre kulturopplevingar. Om sommaren er det mogeleg med aktivitetar som havfiske, kajakkpadling, fjellturar og ferskvassfiske. I nærleiken av Hamn i Senja, ligg Senjens Nikkelverk, der det første elektrisitetsverket basert på vasskraft blei starta i 1882. Senjatrollet på Finnsæter i Berg var eit populært mål, men brann ned i mars 2019.

Ånderdalen nasjonalpark ligg på den sørvestre delen av Senja. Nasjonalparken vart oppretta for å verne om det mangfaldige kystlandskapet på øya, med rikelege førekomstar av sjeldan kystfuruskog. Landskapet i nasjonalparken varierer mellom furu- og bjørkeskog, karrige fjellområde, myrar og fjordstrøk nærare kysten. Eit omfattande nett av stiar og merkte turløyper gjer nasjonalparken tilgjengeleg for turistar og besøkande.

Samferdsel endre

 
Gisundbrua sett frå Senja

Senja er knytt til fastlandet i aust med Gisundbrua, som kryssar Gisundet mellom Senja og fastlandet. Fylkesveg 86 kjem via Gisundbrua frå Finnsnes, Sørreisa og Bardufoss på fastlandet. Vegen går tvers over Senja til Gryllefjord og Torsken på yttersida i vest. Frå Silsand går fylkesveg 861 nordover langs Gisundet til Gibostad og Nord-Senja. Sørover frå Islandsbotn går fylkesveg 860 til Stonglandseidet. Langs nordvestsida av øya går riksveg 862 frå Straumsbotn i Berg kommune, via Senjahopen til Botnhamn i Lenvik kommune.

Om sommaren er det ferjesamband mellom Gryllefjord og AndenesAndøya, og mellom Skrolsvik og Harstad. Næraste flyplass er Bardufoss lufthamn, som ligg på fastlandet i Målselv kommune. Finnsnes, som ligg på fastlandssida av Gisundbrua, er eit regionalt handelssenter med hurtigruteanløp, og samband med hurtigbåt til Tromsø og Harstad.

Samfunn endre

Industri endre

Fiske og fiskeforedling er dominerande næringar på Senja. Særleg Nergårdkonsernet sitt anlegg i Senjahopen sysselset mange, men òg Brødrene Karlsen på Husøya driv godt. Fisket etter torsk er dominerande, men fiske etter reker og sei utgjer også ein viktig del av primærnæringa. På Skaland er det gruvedrift, der ein vinn ut grafitt. Grafittverket utvida nyleg drifta etter at ein fann nye førekomstar ved Trælen, nordvest for Skaland. Annan viktig industri er ArtNord og Tromspotet på Silsand, som spesialiserer seg på potet og potetprodukt, og trappefabrikken i Sollia. I dei lunare og frodige områda på innersida av øya, blir det i hovudsak dyrka gras til dyrefor, og poteter.

Utdanning endre

Senja har vidaregåande skule på Gibostad, med studieretningar innan naturbruk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. I tillegg er det to vidaregåande skular, og studiesenter med desentralisert høgskuleutdanning på Finnsnes på fastlandet.

Idrett endre

Fotballaget FK Senja held til på Silsand, og spelar i 2. divisjon. Klubben har gode anlegg med 2 kunstgrasbanar i Islandsbotn. 2. laget til FK Senja speler i 4. divisjon. I 5. divisjon, som er det lågaste nivået i seniorfotballen i Troms (på herresida), spelar Kameratan FK (heimekampar på Islandsbotn), IL Foss (Skaland) og Gryllefjord IL.

I tillegg har dei fleste bygdene rundt om på Senja eigne idrettslag og fotballbanar. På Silsand er det òg idrettshall. I desember 2006 opna Senjahallen i Senjahopen, den første fotballhallen på øya.

Tettstader endre

 
Silsand
 
Husøy på Nord-Senja
  • Dei største tettstadene: (innbyggartal 1.1.2011)
  • Bygder/mindre tettstader:
    • Torsken, Torsken, 159 innb.(*)
    • Mefjordvær, Berg, 181 innb.(*)
    • Medby-Kaldfarnes, Torsken, 131 innb.(*)
    • Sifjord, Torsken, 101 innb.(*)
    • Grunnfarnes, Torsken, 81 innb.(*)
    • Skrolsvik, Tranøy, 117 innb.(*)
    • Rødsand, Tranøy, 59 innb.(*)
  • Vidstrekte bygdesamfunn med meir enn 200 innbyggarar:
    • Botnhamn, Lenvik, 341 innb.(**)
    • Vangsvik, Tranøy, 357 innb.(*)
    • Laukhella, Lenvik, ca. 326 innb.(***)
    • Grasmyr, Lenvik, 247 innb.(*)
    • Høgli/Grønli/Vasshaugli/Vasshaug, Lenvik, 232 innb.(*)


(*) Innbyggartal i grunnkrins 1.1.2012.
(**) Innbyggartal i grunnkrinsane Botnhamn og Stønnesbotn 1.1.2012.
(***) Innbyggartal i grunnkrinsane Laukhella og Silsand 1.1.2012 minus Innbyggartal i tettstaden Silsand 1.1.2011.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Senja