Op cit er ei forkorting for det latinske uttrykket opus citatum, som tyder «det siterte verket». Utrykket blir brukt i fotnotar for å vise til eit tidlegare referert verk. For å finne kjelda som Op cit refererer til, må ein sjå på tidlegare fotnotar for å finne den aktuelle forfattaren.

Eksempel endre

  • 9. R. Millan, Art of latin grammar (Academic, New York, 1997), s. 23.
  • 10. G. Wiki, Blah and its uses (Blah Ltd., Old York, 2000), s. 12.
  • 11. Millan, op. cit., s. 148.

Referanse nummer 11 er til det same verket som referanse nummer 9 (R. Millan, Art of latin grammar), sjølv om sidetalet er eit anna.

Sjå òg endre