Orange i Vaucluse
kommune i Vaucluse, Frankrike
Orange er ein kommune i departementet Vaucluse i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur søraust i Frankrike.
Orange vart grunnlagt i år 35 f.Kr. av pensjonerte legionærar. Frå 1100-talet fekk byen status som eit mindre fyrstedøme i Det tysk-romerske riket. Då Vilhelm, greve av Nassau, med landområde i Nederland, arva tittelen fyrste av Orange i 1544 vart fyrstedømmet inkorporert i det som vart kjent som huste Nassau. Medan landområda i byen Orange vart erobra av Ludvig XIV i 1672, vert Nederland i dag framleis styrt av huset Oranien-Nassau.
VerdsarvstadEndra
Land | Frankrike |
---|---|
Innskriven ved UNESCOs 5. sesjon i 1981. Referansenr. 163. | |
Kriterium: | III, VI |
Sjå òg | Verdsarvstader i Europa |
Bakgrunnsstoff | Det romerske teateret og triumfbogen i Orange ved unesco.org |
Det romerske teateret i Orange og Triumfbuen i Orange vart i 1981 oppført på UNESCO si verdsarvliste.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Orange (Vaucluse)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2018.