Vaucluse

franske departement
Vaucluse
Våpenskjoldet til Vaucluse
Plassering
Plasseringa til Vaucluse i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 84
Region: Provence-Alpes-Côte d'Azur
Préfecture: Avignon
Sous-préfectures: Apt
Carpentras
Arrondissement: 3
Kantonar: 17
Kommunar: 151
Président du conseil général: Dominique Santoni
Statistikk
Folketal Rangering 50.
 -1999 499 685
Folketettleik: 140/km²
Landareal¹: 3 567 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Vaucluse (oksitansk Vauclusa eller Vau-Cluso) er eit departement søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur

Historie

endre

Den 14. september 1791 vart dei tidlegare pavelege områda Avignon og Venaissin innlemma i Frankrike. Frå og med den 28. mars 1792 danna desse områda to nye distrikt, Avignon i Bouches-du-Rhône og Carpentras i Drôme. Den 12. august 1793 vart så departementet Vaucluse oppretta, som i tillegg til Avignon og Carpentras omfatta Apt og Orange (som tidlegare hadde tilhøyrt Bouches-du-Rhône) og kommunen Sault (som tidlegare hadde tilhøyrt Basses-Alpes; seinare kalla Alpes-de-Haute-Provence). Ei grensejustering i 1800 plasserte kommunen Suze-la-Rousse i Drôme, slik at Vaucluse-kommunen Valréas vart liggande som ei øy nabo-departemenetet Drôme.

Geografi

endre

Departementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Gard, Ardèche, Drôme, Alpes-de-Haute-Provence og Bouches-du-Rhône. Vaucluse har ein relativ stor eksklave i departementet Drôme, kantonen Valréas (Enclave des Papes).

Vaucluse grensar til elvene Rhône i vest og Durance i sør. Fjell utgjer den austlege halvdelen av departementet der Mont Ventoux (1 912 m), òg kalla «Giganten i Provence», dominerer landskapet. Andre viktige fjellrekkjer er Dentelles de Montmirail, Monts de Vaucluse og Luberon. Det vert dyrka store mengder frukt og grønsaker i dei lågareliggande områda av departementet, på ei av dei mest frodige slettene i Sør-Frankrike.

Viktige byar i departementet er Avignon, Orange, Carpentras, Cavaillon og Apt.

Demografi

endre
  • Urban folkesetnad: 416 301 (83 %)
  • Landleg folkesetnad: 83 384 (17 %)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vaucluse