Oranienburg er ein by og ein kommune i forbundslandet Brandenburg i Tyskland, 35 kilometer nord for sentrum av Berlin. Kommunen, som hyser administrasjonen i Landkreis Oberhavel, har 48 000 ibuarar og dekker 163,7 km².

Oranienburg
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Brandenburg
Areal 163,66 km²
Folketal 48 492 (31. desember 2023)
Kart
Oranienburg
52°45′16″N 13°14′13″E / 52.754444444444°N 13.236944444444°E / 52.754444444444; 13.236944444444
Wikimedia Commons: Oranienburg

Byen Bochzowe fekk byrettar i 1232 og voks ved av handel med fisk og landbruksvarer. Frå 1483 heitte byen Bötzow. Under trettiårskrigen vart byen plyndra og brent ned. I 1646 sette den lokale herskaren i gang byggjinga av Schloss Oranienburg og bynamnet vart endra til Oranienburg.

I 1930-åra vart byen eit symbol på det tyske terrorstyret, ettersom nazi-partiet her bygde ein av dei fyrste konsentrasjonsleirane. Erich Mühsam vart drepen i den leiren. Seinare vart konsentrasjonsleiren Sachsenhausen oppretta i utkanten av Oranienburg.

Fysikaren Walther Bothe var frå Oranienburg.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Oranienburg