Ordførarar i Sande og Rovde

Wikimedia-listeartikkel

Sande kommune vart oppretta 1. januar 1867 ved utskiljing frå Herøy kommune. Frå denne vart Rovde kommune skild ut 1. januar 1905. Noverande Sande kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at Gurskøy-delen av Rovde kommune og tre gardar i Leikanger sokn i Herøy kommune vart slegne saman att med Sande kommune.

Ordførarar i Sande 1867-1904

endre
År Namn Yrke
1867-1870 Knut R. Bjørlykke Klokkar/lærar
1871-1880 Bendt Redse Lærar og kommunekasserar
1881-1898 Rasmus K. Sætre Bonde
1899-1904 Daniel Liset Lærar

Ordførarar i Rovde 1905-1963

endre

Rovde kommune vart oppretta 1. januar 1905 ved utskiljing frå Sande kommune.

År Namn Yrke
1905-1922 Daniel Liset Lærar
1923-1932 Emil Indresøvde Disponent
1932-1941 Anders Søvdsnes Bonde
1942-1945 Paul Hageselle (utnemnd) Bonde
1945 Anders Søvdsnes Bonde
1946-1959 Rasmus Torset Bankrevisor
1960-1963 Ola Vedeld Bonde

Ordførarar i Sande 1905-1963

endre

Etter kommunedelinga 1. januar 1905 omfatta Sande kommune soknene Gursken, Sande og Åram.

År Namn Yrke
1905-1919 Hans Aaram Bonde
1920-1922 Ole S. Dyrkoren Klokkar/lærar
1923-1937 August Kragset Bonde og handelsmann
1938-1941 Jakob Sætre Bonde/fiskar
1942-1945 Oskar Sandanger Bonde og handelsmann
1945-1947 Jakob Sætre Bonde/fiskar
1948-1952 Sverre Myklebust Disponent
1952-1955 Torvald Baade Bonde
1956-1957 Sverre Myklebust Disponent
1958-1963 Petter H. Kragseth Bonde

Ordførarar i Sande 1964-

endre

Rovde kommune vart delt 1. januar 1964, slik at Rovdestranda på fastlandet vart lagd til Vanylven kommune medan Dalebygda og Skredestranda på Gurskøya vart lagde til Sande kommune. 1. januar 2002 vart fastlandsdelen av Sande, med Åram, Brandalstranda og Hakallestranda, overført til Vanylven, og Sande har sidan vore ein rein øykommune.

År Namn Yrke
1964-1975 Petter H. Kragseth Bonde
1976-1981 John Gjerde Disponent
1982-1983 John Martin Bringsvor
1984-1987 John Gjerde Disponent
1988-2003 Arne Dyrhol
2003-2007 Jon Garen
2007-2019 Dag Vaagen
2019- Olav Myklebust

Sjå også

endre