Opna hovudmenyen

Olav Myklebust

norsk politikar

Olav Myklebust (17. januar 19321. november 2011)[1] var ein norsk psykolog, Venstre-politikar og ambassadør.

Olav Myklebust
Fødd 17. januar 1932
Død

1. november 2011

Yrke politikar, diplomat, psykolog

Myklebust var oppvaksen på Sunnmøre. Etter cand.psychol-eksamen i 1957 var han stipendiat for Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og tilsett ved Norsk Regnesentral. Han byrja ògpå eit doktorgradsarbeid som dels vart utført ved Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm.

Frå 1962 til 1964 var han formann i Unge Venstre og frå 1964 generalsekretær i Venstre.[2] Han arbeidde i utanrikstenesta frå 1968 til 1998 og var norsk ambassadør til Namibia. I 1998 vart han utnemnt til den første norske ambassadøren til Malawi.

PosteringarEndra

KjelderEndra

  1. Datoar frå «dødsannonse» (PDF). Aftenposten. Arkivert frå originalen (PDF) 2014-10-29. 
  2. Olav Myklebust død i Aftenposten den 12. november 2011.