Ordulf av Sachsen

Ordulf av Sachsen(10221072) òg kalla Otto, var hertug av Sachsen.

Ordulf av Sachsen

Fødd 1022
Død

28. mars 1072 (49 år)

Yrke aristokrat
Far Bernhard II av Sachsen
Mor Eilika von Schweinfurt
Ektefelle Ulvhild av Norge, Gertrude of Haldensleben
Ordulf av Sachsen på Commons

Ordulf høyrde til huset Billung. Han var son til hertug Bernhard II av Sachsen og Eilica av Schweinfurt. Ordulf etterfølgde faren som hertug i 1059 og regenttida hans vart prega av striden mot sorbarane.

I 1042 vart Ordulf gift med Ulvhild, dotter til Olav II Haraldson (Heilag-Olav) og dei fekk sonen Magnus av Sachsen (1045–1106).

Magnus fekk mange etterkommarar i tyske og andre europeiske adelshus, blant dei sidan fyrstehuset Oldenburg, og gjennom Magnus av Sachsen og mor hans, Ulvhild Olavsdotter, kan det noverande norske kongehuset rekne ættefedrar attende til kongane frå sagatida.

Ordulf vart seinare (1071) gift med Gertrud av Haldesleben (d. 1116), dotter av grev Konrad, enkje etter grev Fredrik av Formbach i 1071. Dei fekk sonen Bernhard av Sachsen (fødd ca. 1072).

Kjelder endre