Ormehòl, òg kalla ei Einstein–Rosen-bru, er eit hypotetisk topologisk objekt i romtida som i røynda ville ha vore ein «snarveg» gjennom romtida. Eit ormehòl er som ein tunnell mellom to forskjellige punkt i romtida.

For å forenkle forklaringa av ormehòl kan ein sjå for seg ei todimensjonal flate, der ormehòlet er eit røyr som knyter saman to forskjellige deler flata. Eit ormehòl ville ha vore analogt til dette, men i tre dimensjonar, som er vanskeleg å visualisere.

Ein har ikkje funne noko bevis for ormehòl, men likningane i den generelle relativitetsteorien har gyldige løysingar som inneheld ormehòl. Den første ormehòl-løysinga ein fann var Schwarzschild-ormehòlet, som skildra eit evig svart hòl, men ein fann at denne typen ormehòl ville kollapse for raskt til at noko kunne krysse frå den eine til den andre sida. Ormehòl som kan kryssast i begge retningar er berre mogeleg om det finst eksotisk materie med negativ energitettleik som kan nyttast til å stabilisere dei.

I litteraturen endre

Ormehòl er eit vanleg element i science fiction sidan dei tillegg interstellar og intergalaktiske reiser innafor ein menneskeleg tidsskala. Dei har òg tent som metodar for tidsreiser.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ormehòl