Opna hovudmenyen
For masseeininga, sjå Eininga ort

Ort, eigentleg 'ein firedel', var brukt som skiljemynt i Noreg på 17- og 1800-talet. Ei ort var lik ein kvart riksdalar eller 24 skilling fra 1620-åra. I det norske myntsystemet av 1816 var 1 speciedaler = 5 ort = 120 skilling, med andre ord gjekk det enno 24 skilling på ei ort.

Mynten som i perioden 1816-1875 også i offisiell samanheng gjekk under nemninga ort, hadde ikkje dette namnet i myntpreget. Der stod det 24 skilling. På Austlandet var det vanleg å kalle denne myntverdien for mark.[1]

KjelderEndra

  1. Kolbjørn Skaare: Norges mynthistorie b. 1 s. 166

BakgrunnsstoffEndra