Osan i Bindal
fjord i Bindal
Osan er ein fjord i Bindal kommune i Nordland. Han er ei fortsetjing av Terråkfjorden og Bindalsfjorden og strekkjer seg 5,5 km austover til Helstad i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Terråk i sørvest og Vassås i nordaust. Mellom desse stadane går den 400 meter lang Vassås bru over fjorden langs Fv1, som går langs nesten heile fjorden.