Terråkfjorden

Koordinatar: 65°6′54.781″N 12°20′40.247″E

Terråkfjorden er ein fjord i Bindal kommune i Nordland. Han er ei fortsetjing av Bindalsfjorden på sørsida av øya Øksninga og strekkjer seg 6,5 km frå Bindalseidet i vest til Terråk i søraust.

Flyfoto tatt frå aust. Terråkfjorden ligg til venstre for øya Øksninga. Øksninga har en skeiv L-form og er litt til venstre for midten av biletet. Til høgre for øya er Reppsundet. Vidare mot høgre går Tosen.
Terråkfjorden ligg sør for Øksninga som er markert med raudt på kartet.

Ved Terråk går Osen vidare søraustover. I nordaust går fjorden Tosen vidare innover i landet, medan Sørfjorden går sørvestover.