«Askepott» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Askepott (fleirtyding).

Oskepott er ein kvinneleg figur i folkeeventyr frå fleire land. Ho er oftast den forakta yngste dottera eller stedottera som mora og systrene set til å gjere det tyngste og simplaste arbeidet i huset, men som ved å vere god og ven til slutt når fram til lukke og makt, og vinn hjartet til prinsen i kongeriket.

«Oskepott og den gode feen» av William Henry Margetson

Dei eldste versjonane av eventyret finst i kinesisk litteratur frå 800-talet. I Europa er det teikna ned omkring 500 versjonar av eventyret, med namn som Askepot (Danmark), Cendrillon (Frankrike), Cenerentola (Italia), Cinderella (Storbritannia) og Aschenputtel (Tyskland).

Oskepott er skildra mellom anna hos Charles Perrault (i Contes de ma mère l'Oye, 1697) og brørne Grimm (1812). Norsk tradisjon kjenner ikkje Oskepott-namnet, men eit motstykke finst i Kari Trestakk.

Den mest kjende filmversjonen av Oskepott er truleg teiknefilmen Cinderella frå 1950, produsert av Walt Disney, som bidrog vesentleg til å gje eventyret ny aktualitet i etterkrigstida. Det finst også filmatiseringar av utgåvene til Perraults og brødrene Grimm av eventyret, og mange andre har brukt sjølve temaet i ulike variantar. I Noreg har filmen Tre nøtter til Askepott frå 1973 vorte ein populær film å sjå i juletida.

Kjelder endre