Oskol (russisk Оскол) eller Oskil (ukrainsk Оскiл) er ei elv i Ukraina og Russland og den største sideelva til Donets frå venstre.

Oskol
elv
Land  Russland,  Ukraina
Nedslagsfelt 14 680 km²
Lengd 436 km
Middelvassføring 43,1 /s
Kjelde Det sentralrussiske høglandet, Kursk oblast i Russland
Munning Donets
Kart
Oskol
51°36′00″N 37°13′00″E / 51.6°N 37.216666666667°E / 51.6; 37.216666666667
Wikimedia Commons: Oskol River

Elva er 436 km lang og har eit nedslagsfelt på 14 680 km². Kjelda til elva ligg i Timkinskom rajon i Kursk oblast. Breidda av elvefaret er i hovudsak 10 til 40 meter breitt, men stundom opp mot 300 meter. Djupna varierer frå om lag 0,2 til nesten 10 meter. 10 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 43,1 m³/s. Oskol har ei gjennomsnittleg helling på 0,29 meter per kilometer.

Oskol munnar ut i Donets 580 km frå munningen hennar. Elva frys til i november eller tidleg i desember og vert isfri att i mars eller tidleg i april. Isen har ein gjennomsnittstjukkleik på 0,45 m.

Rundt 10 km før munningen i Donets ligg Tsjervonoskil-reservoaret, som vart sett i drift i 1958 for flaumvern og vasskraftproduksjon.

Langs Oskol ligg fleire byar som Staryj Oskol, Novyj Oskol og Valujki i Russland, og Kupjansk i Ukraina.

Kjelder endre